Kontakt prosjektgruppen

Du rapporterer at følgende problem er støtende, inneholder personlig informasjon eller lignende:

Mange hol i vegen OG nedsunken vegbane

Publisert av Tormod Reigstad 12:40, tor. 7 april 2016

På strekninga frå kryss Hamre/Skår og til snuplass på Skår er det mykje dårleg veg. Størst er problemet rundt dette området: http://www.norgeskart.no/#17/-25840/6747390 Øst-koordinat: -25840.031 Nord-koordinat: 6747389.502 Det er fleire djupe hol kor ein lett kan skada bil, for ikkje å nemna kva som vil skje om nokon syklar nedi. Dette er trass alt skuleveg for fleire syklande ungdomar. Hola finn ein mange stader på strekninga. I tillegg er det minst to stader der vegbana sig ned i grunnen. Der kan smale køyretøy "balansera" på stabil vegbane eller risikera materielle skadar ved å køyra normalt. Om nokon kjem med ein låg bil, innanfor lovleg høgde, vil eg tru det ryk til ein spoiler eller i verste fall ei bunnpanne. Dette dersom dei ikkje allereie har fått øydelagd ein felg i hola og ikkje kom so langt... Vegen er sett opp med prioritet for utbetring med tanke på farleg skuleveg, men reparasjon og noko utbetring kan ikkje venta om ikkje det skal bli skade på køyretøy eller personskade!

valgfritt

Liker ikke skjemaer?

Du kan kontakte teknisk støtte via fiksgatami@rt.nuug.no