Kontakt prosjektgruppen

Du rapporterer at følgende problem er støtende, inneholder personlig informasjon eller lignende:

Skogsvegstrd. Helgåsvegen er ikkje brukbar som hovudsamleveg til byggefeltet . I ny kommunedelplan rassikring Rv 5 må ny hovudsamleveg via Jarane kome som eit naturleg ledd i den utvikling

Publisert av Gunnar Helgås 10:46, tir. 1 september 2020

Nedste del frå Kvernhusvegenkrysset og nedover var bygga som skogsveg tidleg på 1960-talet. Den første veg opp var via Ospeteigen/Kvernhusvegen, som fort vart stengd. Helgåsvegen frå Øyravegen som då var Rv5 fekk eit bærelag og brukt som anleggsveg i tidleg utbyggingsperiode av byggefeltet. Utan vidare seremoni eller regulering fekk denne vegen oljegrus og nytta som hovudsamleveg. 1. Forsøk å ta ned bakken på sykkel. 2. Forsøk å lure deg ned på vinterglatt veg. 2. Forsøk å halde fartsgrense 30km/t på vinterglatt veg opp, her ein har vikeplikt for 2 vegar frå høgre. Det er på høg tid etter mange års innspel for å få rett regulert ny hovudsamleveg til dette feltet her ein kan koble på tverrvegane Nedre Ospeteigen, Leitet, Stavdalslia, og Rabbane mot ny hovudsamleveg Jarane. Det må skje i samband rassikring Rv 5 får rundkøyring sør av dagens kryss til Naustedalen og bru over til Jarane med tunnelinnslag øvst i Jarane. Vedlagt er profil av Helgåsvegen, krav til max stigning, og rekneark med dagens status lagt inn.

valgfritt

Liker ikke skjemaer?

Du kan kontakte teknisk støtte via fiksgatami@rt.nuug.no