Kontakt prosjektgruppen

Du rapporterer at følgende problem er støtende, inneholder personlig informasjon eller lignende:

Det manglar ei lykt som lyser opp fortauet frå fotgjengarfelt til Stord Kristne skule og sørover gjennom svingen mot fotgjengarfelt mot Stord vidaregåande (yrkesskulen) til

Rapportert anonymt 11:42, tor. 7 oktober 2021

I Bandadals-området mellom innkjørsel til Stord Kristne skule og sørover til fotgjengarovergang mot gangstien til Stord vidaregåande (yrkesskulen) er det blitt veldig mørkt. Det kan verka som ei gatelykt er teken ned i samband med utbygging av infrastruktur til den nye kristne skulen. Tidlegare år har det vore lys på fortauet rundt svingen, og eg meiner det stod ei lykt på vestsida av vegen før. Dette fortauet er hovudfartsåre for mange elevar på veg gjennom Bandadalen til og frå Leirvik skule. I tillegg til sjølve trafikksikringsaspektet, kan det og vera litt skummelt å gå her i vintermørkret for mange av dei yngste elevane. Mørklegginga kan derfor auka talet på foreldre i området som må køyra borna den korte vegen til Leirvik skule. Det kan igjen forverra trafikksituasjonen ved dei to "drop-sonene" Leirvik skule har i øvre og nedre Kringsjå - særleg ved skulestart om morgonen.

valgfritt

Liker ikke skjemaer?

Du kan kontakte teknisk støtte via fiksgatami@rt.nuug.no