Kontakt prosjektgruppen

Du rapporterer at følgende problem er støtende, inneholder personlig informasjon eller lignende:

Gatelys virker ikkje og manglar

Publisert av Stord Sjukeheim v/Annette Kleven 08:55, fre. 22 oktober 2021

1) I gangstien mellom Krossen og Valdaivegen, bak Hystad skule står det ein lyktestolpe heilt på skakke. Det har mangla lys i laaaaang tid. Eg veit at mange barn synes det er skummelt å gå denne vegen til skulen på vinteren når det blir mørkt. Deler av denne gangstien går gjennom litt skog, som gjer den veldig svart. Lyktestolpen er ikkje merka med 5 siffra talkombinasjon, så den tilhøyrer nok ikkje Haugland Kraft. Det var i vinter/vår satt opp fleire nye fine lyktestoplar langs Valdaivegen, bak Hystad skule. Av ein merkelig grunn har det ikkje vore lys i meir enn den eine stolpen. Er det noko grunn for dette? Hadde vore fint om de kunne hatt lys i alle. Håpar dette kan ordne seg snarast slik at borna som går på Hystad Skule kan gå på skulen utan å måtte vera redde for mørket. 2) På asfaltert gangveg mellom Hystad skule og Nordbygdo Ungdomsskule skulle det vore sett opp fleire gatelys. Det er veldig svart og utfordrande å gå denne gangvegen om hausten/vinteren. Det blir for mørkt. Om vinteren med snø og is er det direkte farlig.

valgfritt

Liker ikke skjemaer?

Du kan kontakte teknisk støtte via fiksgatami@rt.nuug.no