Unknown
Høg vegskulder, grøfta er fare for gåande og køyrande
Reported in the Gater/Veier category by Hallstein M. Ånes at 22:35, tir. 15 juni 2021
Sent to Statens vegvesen and Sykkylven 5 minutes later
Hjortdalsvegen vart asfaltert på nytt i fjor, 2020. Vegbana vart då heva. Kombinert med graving i grøfta (fiber, telefon, ...) så er vegen blitt smalare, samstundes som det er blitt mykje større høgdeforskjell mellom vegbane og grøft (opptil 30 cm) på innsida. Dette gjeld særleg i svingen, frå innkøyringa til Hjortdalsvegen 5, og ca. 30 meter nedover til rist/kum. Dette er ein fare for folk som går der, bilane kjem ofte i stort fart rundt svingen. Særleg eldre folk får eit problem, det bur folk der som ikkje har bil, og er avhengig av å gå til nærbutikken. På vinterstid hender det at bilar hamnar i grøfta der, kanten ser ein ikkje når det er snø. Det bør fyllast opp med pukk og grus slik at ikkje overgangen blir stå stor. Ca. 5 kubikk nødvendig, minst. Samstundes må ein tenke på dreneringa av overflatevatn, at den forblir bra. Legge drensrør i botn? Rista er ganske rusten blitt, bør skiftast. Ytre diameter 37 cm.
Provide an update
Please note that updates are not sent to the council. Your information will only be used in accordance with our privacy policy