Back to all reports

Mangler kant ned mot bratt skråning

Reported in the Gater/Veier category by Marita Fjellheim at 20:13, tir. 16 november 2021

Sent to Bømlo and Statens vegvesen region vest 2 minutes later

Deler av støttemuren har rast utfor kanten. Her er det bratt skråning ned og vegen er utan sikring då ny asfalt ligg over eksisterande støttemur. Vegen er skuleveg og skal utbetrast i den reviderte bømlopakken, men her må det sikrast kjapt for å unngå stygge ulykker!

RSS feed of updates to this problem Receive email when updates are left on this problem.

Updates

  • Saka er sendt vidare til Vestland fylkeskommune, då dei er vegeigar på staden.

    Posted by tone.stavland@bomlo.kommune.no at 10:06, fre. 19 november 2021

  • Purrer på denne da me dessverre ikkje har sett noko utbetring.

    Posted anonymously at 23:28, søn. 1 mai 2022

  • Fortsatt ikkje noko utbetring her.

    Posted anonymously at 12:12, tor. 27 oktober 2022

  • Hei, eg har ikkje motteke oppdatering frå Vestland fylkeskommune på denne enno. Sjekker opp att.

    Posted by tone.stavland@bomlo.kommune.no at 09:43, fre. 28 oktober 2022

  • Svar frå Vestland fylkeskommune: Vi er kjent med forholda, men vi har dessverre ikkje økonomi til å sette opp rekkverk på staden inneverande år. Vi får sjå når vi får hand om friske midlar over nyttår.

    Posted by tone.stavland@bomlo.kommune.no at 16:51, man. 7 november 2022

  • Når vil dette utbetrast?

    Posted anonymously at 17:32, man. 4 september 2023

  • Dette området er farleg. Kjegler/skilt ligg no nedanfor i skråningen. Det er inga merking langs vegen som fortel at vegbana ligg høgare enn kanten, med bratt terreng nedanfor. Dette har vært meldt inn fleire gongar, og ikkje noko er forbetra. Det ligg ein barneskule, barnehage, Folkehøgskule, samt sportsklubb/fotballbane med stor aktivitet tidleg og seint. Skulen har skuleskyss, men på ettermiddagstid/kveld beveger barn/ungdommar seg langs vegen. Nokre syklar, andre går. Vegen er smal akkurat i dette området, kor kant langs vegen manglar. 7. november 2022 vart det posta svar frå Fylkeskommunen om evt. noko kunne gjerast i 2023. No nærmar 2024 seg, og ikkje noko er gjort.

    Posted by Olaug N. Hovda, rektor Våge skule at 10:42, fre. 20 oktober 2023

  • Fredag 27.10.23 var me frå Bømlo kommune på befaring saman med Vestland fylkeskommune på nokre av fylkesvegane på Bømlo. Ein av vegane me såg på var Bømlavegen forbi Våge skule. Me stoppa ved kanten som manglar ned mot den bratte skråninga, som er har meldt inn til FiksGataMi. Dette er for oss ein kjend problem-stad, og fylgt opp mot fylkeskommune over tid. På lang sikt vert dette strekket utbetra i henhold til reguleringsplan med fortau, som del av Bømlopakke II.

    På synfaringa vart merke-kjeglene som låg lede i skråninga sette opp att. Det vart i tillegg bestilt oppsetting av gjerde der støypekanten er heilt eller delvis borte, i ei lengde på ca. 80-100m. Det vart opplyst om at det var litt ventetid på materiell, men at gjerde skulle vera på plass innan utgangen av året.

    Posted by tone.stavland@bomlo.kommune.no at 15:28, man. 30 oktober 2023

Provide an update

Please note that updates are not sent to the council. Your information will only be used in accordance with our privacy policy

Next: Tell us about you

or No personal details will be stored, and you will not receive updates about this report.

Your update

Tell us about you

Do you have a FiksGataMi password?